Byggeskikk og bruk # 2: Vestlandsloftet
Velkommen til ei ny føredragsrekkje om ulike bygningstypar i regionen.
TEMAKVELD 2: VESTLANDSLOFTET
Onsdag 20. november, klokka 18:00 - 19:30, Voss folkemuseum
Loftet er ein tradisjonell bygningstype i to etasjar, kjend i Noreg frå tidleg mellomalder. Som oftast har det eitt rom i kvar etasje, men kan også ha fleire. Øvste etasjen har gjerne vore brukt til oppbevaring av klede og kister og som soveplass for gjester, medan underetasjen fungerte som lager for mat og forsyningar, ofte kalla "bu" eller "bur." På vanlege gardar var loftet den mest forseggjorte bygningen og gjerne sett på som både skattkammer og stasstove. Voss har ei særstilling med mange bevarte loft, og her er nemninga "bualoft" vanleg.
Men kva er statusen til lofta på gardane i dag? Er dei i bruk eller står dei som tomme tidsdokument? Kva moglegheiter finst for lofta på gardane i framtida? Etnolog og museumsleiar Anne Kristin Moe tek oss med gjennom historia til (Middelalder-)loftet på Vestlandet medan andre del av kvelden er via til ny/vidare bruk av bygningstypen.
Program:
18:00 Introduksjon ved Gunnar Hemre Ringheim
18:10 (Middelalder-)loftet på Vestlandet, føredrag ved Anne Kristin Moe. Anne Kristin Moe er etnolog med ei stor interesse for den førindustrielle bondekulturen. Ho har tidlegare arbeidd som konservator for eldre bygdekultur ved Norsk Folkemuseum i Oslo, og er no museumsleiar for Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Ho er spesielt interessert i bygningar som er ulike på Austlandet og Vestlandet, og loft er ein av dei bygningstypane. I føredraget vil ho snakka om loftet som bygningstype, utbreiing, korleis dei tradisjonelt vart brukt og ikkje minst, at det stadig blir fleire loft på Vestlandet som syner seg å vere eldre enn det ein tidlegare har trudd.
19:00 ny/vidare bruk. TBA
Andre del av kvelden vil handla om ny/vidare bruk av lofta. Meir informasjon kjem etterkvart.
19:30 «ei natt på museet»: omsyning i lofta på tunet
Etter førelesingane vert det lagt opp til spesialomvising i dei to bualofta på Mølstertunet. Her er det både mørkt og kaldt, så kle deg godt og ta gjerne med ei lommelykt om du har.
Det vert lagt opp til samtale og diskusjon.
Pris 120.
LOKALE BYGNINGSTYPOLOGIAR: BYGGESKIKK OG BRUK
Førelesningsrekka har som formål å kasta lys over bygningstypologiane i regionen, som loft, røykstover, løer, bygdesager, potetkjellarar, naust, florar, lemstover, skykkjer, m.m. Målet er å skapa auka forståing for den historiske verdien desse bygningane representerer, samt å inspirera til innovativ bruk og moderne tilpassing. Kvar temakveld er todelt. Fyrste del tek føre seg ei historisk og teknisk gjennomgang medan andre del tek føre seg notidig relevans og (ny/vidareført) bruk.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpt billett blir ikkje refundert.